onsdag 28. oktober 2015

Kva er eit godt klassemiljø?

I dette innlegget skal eg gje mine meiningar om kva eg syntes er eit bra klassemiljø og kva vi kan gjøre for å få eit godt klassemiljø.

På skulen er det viktig å trivst viss ein skal få gode karakterar. Derfor er klassemiljøet veldig viktig, og viss vi skal ha eit godt klassemiljø må alle vere med. Ulike ting du må ha med i eit klassemiljø er f.eks. arbeidsro viss det er i timen, samarbeid, fokuserte og at alle respekterer læraren. Det er også mange som må vere eit forbilde for andre. Viss du har den populære gjengen eller idrettsgjengen som pleier å halde eit nivå om korleis du oppfører deg. Dei som kanskje ikkje tørr å seie noko trur kanskje at det er greit å lage så mykje lyd som idrettsgjengen lager, derfor har også idrettsgjengen eit ansvar om å ha det mobbefritt og leggje grensa ein plass. Fordi viss vi skal ha eit godt klassemiljø må alle bidra.

Eg syntes at det å ha eit godt klassemiljø er viktig for barna og ikkje minst framtida deira. Viss det er slik at klassemiljøet leggjar grensa til at det er greit å drikke alkohol så kan ungdommene få ein tragisk oppvekst. Eg trur at fleire vaksne kan fortelje om at ungdommen deira var påverka av klassemiljøet. Derfor må fleire vaksne kome fram med barna å leggje fram denne grensa.

Dette var det eg meinte om eit godt klassemiljø!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar