fredag 6. november 2015

Rus og psykisk helse, alkohol

Vi i 9ef har fått eit prosjekt om rus og psykisk helse der vi blant anna skal skrive om alkohol og korleis det påverkar deg. Alkohol er det eg skal skrive om i dette innlegget.

Kva er Alkohol?
Alkohol er eit stoff som blir laga når ei væske gjærar, og som har ein rusande verknad. For å kjøpe øl, vin og typisk alkohol må du vere 18 år. Det er ei farleg væske som påverkar deg dårleg og kan gjøre deg svimmel, du kan få dårleg bevegelse, auga sine evner til å bevege seg raskt blir dårlegare. Alle desse symptoma er avhengig av kor mykje promille du har. Viss du har drukke og du køyrer bil, kan du bli stoppa av politiet. Då tek dei ein promillekontroll, kor dei måler kor mykje promille du har i kroppen, altså kor mykje alkohol du har i kroppen. Viss du har f.eks. 1,5 i promille, tek det om lag 10 timar til all alkoholen er borte. Du kan til å med dø av får mykje promille. Har du over 4,0% i promille får du tap av bevisstheit og døyr. (Promille.no)

Alkoholbruk blant ungdom
Alkohol bruket blant ungdom er veldig mykje, i Noreg ligg gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin for første gong rundt 15 år, og 14,5 år for øl. Viss du er ungdom som meg så er det stor sjanse for at du eller nokon i klassen din har eller begynner å drikke om ikkje så lenge. Mange grunner til at ungdom drikker er pga. grupepress. Det handlar om kva miljø ungdommen har. I 2006 var det ei rundspørjing som vart gjennomført blant 43 093 vaksne amerikanarar. I den rundspørjinga viste det seg at 49% av dei som drakk når dei var i tenåra, vart avhengige av alkohol seinare livet.(Ekeland, s.72).

Alkoholskadar hos fosteret

Ei gravid kvinne bør ikkje drikke alkohol. Grunnen til det er pga. viss ho gjer det kan fosteret bli skada og må då leva resten av livet med desse skadane. Fosteret får like mykje promille som det mora har når ho drikk. Eg trur at grunnen til at nokon barn treng ekstra hjelp på skulen og får meir omsorg frå spesielle lærarar kan være pga. alkoholinntaket til mora gjennom svangerskapet. Det synst eg er forferdeleg, at ei gravid kvinne tek ei avgjersle med å drikke alkohol, og så går det ut over heile framtida til barnet. (Promille.no)












Kjelder:


onsdag 4. november 2015

Ungdom og mote

I dette innlegget skal eg reflektere rundt ein tekst eg har lese om ungdom og mote. Dette er ein oppgåve som eg fekk av norsklæraren min.

Etter å ha lese denne teksten får eg mange tankar inni hovudet mitt. Eg kjenner meg litt igjen og føler at ungdom har blitt påverka på nesten same måte som før med mote. Det er gjennom reklame, vener og generelt det å vere populær. På skulen er det alltid ein populær gjeng, anten det er ein jentegjeng eller gutegjeng som påverkar alle andre med deira nye telefon eller nye dyre klede. I dag er ungdom ei kjøpesterk gruppe som det blir laga reklamar for. Du kan samanlikne gamal ungdom når rock `n` roll var populært med dagens ungdom. Det er også nye trendar som går rundt nå. Jenter pleier å gå med navlen bar og nokon tek til å ha piercing i navlen. Gutar har caps inne og bestemmer sjølv kva dei vil gå med. Det har også vore mange gutar som heldt på med rullebrett, det var på veg til å bli ganske populært, men sport trur eg er meir populært. Det er fordi om mange gutar i tenåra som enno held på med rullebrett og det er ein ungdomskultur.

Sjølv om det finst mykje positivt å seie om ungdom og mote, er det fortsatt noko som kan fiksast. Det eg tenkjer på då er at det kan bli gruppepress. For eksempel viss eg skulle vore i ei jentegruppe kor dei hadde mykje merkeklede, dyre ting og eg ikkje hadde dei tinga kunne eg vorte pressa ut av gruppa. Det er noko som kan øydeleggje dei fleste ungdommar når det gjeldar mote. Det å ikkje ha råd til dyre klede og dyre ting som dei andre ungdomane er heilt greitt meiner eg.

Ungdommen er noko av det viktigaste i livet, det er det vi tar med oss vidare i livet!

Kjelder: