Rus og psykisk helse, alkohol
Vi i 9ef har fått eit prosjekt om rus og psykisk helse der vi blant
anna skal skrive om alkohol og korleis det påverkar deg. Alkohol er det eg skal
skrive om i dette innlegget.
Kva er Alkohol?
Alkohol er eit stoff som blir laga
når ei væske gjærar, og som har ein rusande verknad. For å kjøpe øl, vin og
typisk alkohol må du vere 18 år. Det er ei farleg væske som påverkar deg dårleg
og kan gjøre deg svimmel, du kan få dårleg bevegelse, auga sine evner til å bevege seg raskt blir
dårlegare. Alle desse symptoma er avhengig av kor mykje promille du har. Viss
du har drukke og du køyrer bil, kan du bli stoppa av politiet. Då tek dei ein
promillekontroll, kor dei måler kor mykje promille du har i kroppen, altså kor
mykje alkohol du har i kroppen. Viss du har f.eks. 1,5 i promille, tek det om
lag 10 timar til all alkoholen er borte. Du kan til å med dø av får mykje
promille. Har du over 4,0% i promille får du tap av bevisstheit og døyr.
(Promille.no)
Alkoholbruk blant ungdom
Alkohol bruket blant ungdom er
veldig mykje, i Noreg ligg gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin
for første gong rundt 15 år, og 14,5 år for øl. Viss du er ungdom som meg så er
det stor sjanse for at du eller nokon i klassen din har eller begynner å drikke
om ikkje så lenge. Mange grunner til at ungdom drikker er pga. grupepress. Det
handlar om kva miljø ungdommen har. I 2006 var det ei rundspørjing som vart
gjennomført blant 43 093 vaksne amerikanarar. I den rundspørjinga viste
det seg at 49% av dei som drakk når dei var i tenåra, vart avhengige av alkohol
seinare livet.(Ekeland, s.72).
Alkoholskadar hos fosteret
Ei gravid kvinne bør ikkje drikke alkohol. Grunnen til det er pga.
viss ho gjer det kan fosteret bli skada og må då leva resten av livet med desse
skadane. Fosteret får like mykje promille som det mora har når ho drikk. Eg
trur at grunnen til at nokon barn treng ekstra hjelp på skulen og får meir
omsorg frå spesielle lærarar kan være pga. alkoholinntaket til mora gjennom
svangerskapet. Det synst eg er forferdeleg, at ei gravid kvinne tek ei
avgjersle med å drikke alkohol, og så går det ut over heile framtida til
barnet. (Promille.no)
Kjelder:
- http://www.womenshealthmag.com/health/how-to-fake-happy-hour-when-youre-pregnant
- Ekeland, Per Roar m.fl., Tellus 9, Aschehoug, 2007.
- http://www.promille.no/fakta_om_promille/
- http://www.promille.no/gravid_alkohol/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar