Ungdom og mote
I dette innlegget skal eg reflektere rundt ein tekst eg har lese om ungdom og mote. Dette er ein oppgåve som eg fekk av norsklæraren min.
Etter å ha lese denne teksten får eg mange tankar inni hovudet mitt. Eg
kjenner meg litt igjen og føler at ungdom har blitt påverka på nesten same måte
som før med mote. Det er gjennom reklame, vener og generelt det å vere populær.
På skulen er det alltid ein populær gjeng, anten det er ein jentegjeng eller
gutegjeng som påverkar alle andre med deira nye telefon eller nye dyre klede. I
dag er ungdom ei kjøpesterk gruppe som det blir laga reklamar for. Du kan
samanlikne gamal ungdom når rock `n` roll var populært med dagens ungdom. Det
er også nye trendar som går rundt nå. Jenter pleier å gå med navlen bar og
nokon tek til å ha piercing i navlen. Gutar har caps inne og bestemmer sjølv
kva dei vil gå med. Det har også vore mange gutar som heldt på med
rullebrett, det var på veg til å bli ganske populært, men sport trur eg er meir
populært. Det er fordi om mange gutar i tenåra som enno held på med rullebrett og
det er ein ungdomskultur.
Sjølv om det finst mykje positivt å seie om ungdom og
mote, er det fortsatt noko som kan fiksast. Det eg tenkjer på då er at det kan
bli gruppepress. For eksempel viss eg skulle vore i ei jentegruppe kor dei hadde
mykje merkeklede, dyre ting og eg ikkje hadde dei tinga kunne eg vorte pressa
ut av gruppa. Det er noko som kan øydeleggje dei fleste ungdommar når det
gjeldar mote. Det å ikkje ha råd til dyre klede og dyre ting som dei andre
ungdomane er heilt greitt meiner eg.
Ungdommen er noko av det viktigaste i livet, det er
det vi tar med oss vidare i livet!
Kjelder:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar