fredag 6. november 2015

Rus og psykisk helse, alkohol

Vi i 9ef har fått eit prosjekt om rus og psykisk helse der vi blant anna skal skrive om alkohol og korleis det påverkar deg. Alkohol er det eg skal skrive om i dette innlegget.

Kva er Alkohol?
Alkohol er eit stoff som blir laga når ei væske gjærar, og som har ein rusande verknad. For å kjøpe øl, vin og typisk alkohol må du vere 18 år. Det er ei farleg væske som påverkar deg dårleg og kan gjøre deg svimmel, du kan få dårleg bevegelse, auga sine evner til å bevege seg raskt blir dårlegare. Alle desse symptoma er avhengig av kor mykje promille du har. Viss du har drukke og du køyrer bil, kan du bli stoppa av politiet. Då tek dei ein promillekontroll, kor dei måler kor mykje promille du har i kroppen, altså kor mykje alkohol du har i kroppen. Viss du har f.eks. 1,5 i promille, tek det om lag 10 timar til all alkoholen er borte. Du kan til å med dø av får mykje promille. Har du over 4,0% i promille får du tap av bevisstheit og døyr. (Promille.no)

Alkoholbruk blant ungdom
Alkohol bruket blant ungdom er veldig mykje, i Noreg ligg gjennomsnittsalderen for å drikke vin og brennevin for første gong rundt 15 år, og 14,5 år for øl. Viss du er ungdom som meg så er det stor sjanse for at du eller nokon i klassen din har eller begynner å drikke om ikkje så lenge. Mange grunner til at ungdom drikker er pga. grupepress. Det handlar om kva miljø ungdommen har. I 2006 var det ei rundspørjing som vart gjennomført blant 43 093 vaksne amerikanarar. I den rundspørjinga viste det seg at 49% av dei som drakk når dei var i tenåra, vart avhengige av alkohol seinare livet.(Ekeland, s.72).

Alkoholskadar hos fosteret

Ei gravid kvinne bør ikkje drikke alkohol. Grunnen til det er pga. viss ho gjer det kan fosteret bli skada og må då leva resten av livet med desse skadane. Fosteret får like mykje promille som det mora har når ho drikk. Eg trur at grunnen til at nokon barn treng ekstra hjelp på skulen og får meir omsorg frå spesielle lærarar kan være pga. alkoholinntaket til mora gjennom svangerskapet. Det synst eg er forferdeleg, at ei gravid kvinne tek ei avgjersle med å drikke alkohol, og så går det ut over heile framtida til barnet. (Promille.no)












Kjelder:


onsdag 4. november 2015

Ungdom og mote

I dette innlegget skal eg reflektere rundt ein tekst eg har lese om ungdom og mote. Dette er ein oppgåve som eg fekk av norsklæraren min.

Etter å ha lese denne teksten får eg mange tankar inni hovudet mitt. Eg kjenner meg litt igjen og føler at ungdom har blitt påverka på nesten same måte som før med mote. Det er gjennom reklame, vener og generelt det å vere populær. På skulen er det alltid ein populær gjeng, anten det er ein jentegjeng eller gutegjeng som påverkar alle andre med deira nye telefon eller nye dyre klede. I dag er ungdom ei kjøpesterk gruppe som det blir laga reklamar for. Du kan samanlikne gamal ungdom når rock `n` roll var populært med dagens ungdom. Det er også nye trendar som går rundt nå. Jenter pleier å gå med navlen bar og nokon tek til å ha piercing i navlen. Gutar har caps inne og bestemmer sjølv kva dei vil gå med. Det har også vore mange gutar som heldt på med rullebrett, det var på veg til å bli ganske populært, men sport trur eg er meir populært. Det er fordi om mange gutar i tenåra som enno held på med rullebrett og det er ein ungdomskultur.

Sjølv om det finst mykje positivt å seie om ungdom og mote, er det fortsatt noko som kan fiksast. Det eg tenkjer på då er at det kan bli gruppepress. For eksempel viss eg skulle vore i ei jentegruppe kor dei hadde mykje merkeklede, dyre ting og eg ikkje hadde dei tinga kunne eg vorte pressa ut av gruppa. Det er noko som kan øydeleggje dei fleste ungdommar når det gjeldar mote. Det å ikkje ha råd til dyre klede og dyre ting som dei andre ungdomane er heilt greitt meiner eg.

Ungdommen er noko av det viktigaste i livet, det er det vi tar med oss vidare i livet!

Kjelder:


onsdag 28. oktober 2015

Ungdomskultur

I dette innlegget skal eg forklare kva ungdomskultur er og korleis det vart til.

Ungdomskultur er eit begrep som vart brukt mykje i løpet av 1950 åra. Det oppstod pga. rock, ungdommen  vart påverka av den og gjorde at dei lausreiv seg meir frå familien. Dei begynte å gå i nye klede, som skinnjakker og olabukser. Foreldrene hadde lite forståing av rock og ville ta avstand frå han. Andre årsakar til at vi kan snakke om ungdomskulturen, var pga. den økonomiske framgangen i den vestlege delen av verda. Mange familiar fekk betre økonomi som gjorde at ungdommen vart ei eiga forbrukargruppe som klesindustrien blei interessert i. Dette var litt av grunnlaget for ungdomskulturen og at det var mogleg for ungdom til å bli ei mottakergruppe.

I dag tenkjer vi som oftast på ungdomskulturen som noko som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Dei fleste ungdommar idag meinar sjølv at dei er for gamle til å vere heima med foreldra og vil istaden vere med kamerater/venninner.

Kjelder:

Kva er eit godt klassemiljø?

I dette innlegget skal eg gje mine meiningar om kva eg syntes er eit bra klassemiljø og kva vi kan gjøre for å få eit godt klassemiljø.

På skulen er det viktig å trivst viss ein skal få gode karakterar. Derfor er klassemiljøet veldig viktig, og viss vi skal ha eit godt klassemiljø må alle vere med. Ulike ting du må ha med i eit klassemiljø er f.eks. arbeidsro viss det er i timen, samarbeid, fokuserte og at alle respekterer læraren. Det er også mange som må vere eit forbilde for andre. Viss du har den populære gjengen eller idrettsgjengen som pleier å halde eit nivå om korleis du oppfører deg. Dei som kanskje ikkje tørr å seie noko trur kanskje at det er greit å lage så mykje lyd som idrettsgjengen lager, derfor har også idrettsgjengen eit ansvar om å ha det mobbefritt og leggje grensa ein plass. Fordi viss vi skal ha eit godt klassemiljø må alle bidra.

Eg syntes at det å ha eit godt klassemiljø er viktig for barna og ikkje minst framtida deira. Viss det er slik at klassemiljøet leggjar grensa til at det er greit å drikke alkohol så kan ungdommene få ein tragisk oppvekst. Eg trur at fleire vaksne kan fortelje om at ungdommen deira var påverka av klassemiljøet. Derfor må fleire vaksne kome fram med barna å leggje fram denne grensa.

Dette var det eg meinte om eit godt klassemiljø!

torsdag 15. oktober 2015

Od-dagen nærmar seg!

29. Oktober er det den store OD-Dagen. OD står for Operasjon Dagsverk, og det går ut på at ungdommar får seg ein jobb kor dei skal tene 300 kroner til eit bestemt formål. I år er dette formålet menneskerettigheter. Vi skal gi penger til land som sliter med menneskerettighetene sine, feks. Argentina, Chile og Peru.

Grunner til at vi OD-pengene går til desse landa er fordi dei sliter med å halde lovene eller menneskerettighetene. Ulike lover som blir brotne er seksuellt overfall, altså voldtekt. I Peru er det ulovlig å ta abort viss en jente på 13år eller oppover har blitt uønsket gravid. Dei kan ta hensyn av og til viss jenta har blitt voldtatt. Det er mennesker som har blitt saksøkt for å ta abort. Pengene vi får inn går til Amnesty. Amnesty er ein ikkje-regjering organisasjon som bekytt menneskerettighetene og har over 7 millioner medlemmer over heile verda. Amnesty gir desse pengane vidare til formålet med dette prosjektet. Eg synst at det er bra at pengane går til Amnesty, fordi då blir pengane kontrollert av ein nøytral organisasjon.(Nøytral betyr å ikkje ta side).

På denne dagen har eg tenkt å jobbe i ein sportsbutikk på Nærbø. Eg har ikkje søkt om lov ennå, men skal det snart!

onsdag 14. oktober 2015

Menneskerettar

Kva er menneskerettane?
Menneskerettigheiter er grunnleggjande rettar som alle menneske har, uansett rase, kjønn eller religion. Menneskerettane  handler for eksempel om retten til liv og retten til å være trygg, fridom frå tortur, rett til privatliv, vern mot diskriminering, ytringsfridom, rett til arbeid og helse. Det handlar om mykje meir, men desse var dei eg syntes var viktigst. Eg meinar at allle menneskerettane er like viktige fordi det går ut på det same. Sjølv om resultatet ikkje er likt på kvar menneskerett så er det fordi om same tanke bak. Eg meinar også at menneskerettane er naudsynte.